Som ei kvit perle, rett ved sjøkanten i Våge, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare ein landhandel og kai for fjordbåtane. No har staden blitt omgjort til ein lun og koselig restaurant der kjøkenet brukar norske råvarer til å trylla fram gode matopplevingar for deg og dine.
Drifta på Mandelhuset har dagens eigere hatt sida 2005, men Mandelhuset oppstod i 1995 då landhandelen la ned i 1994 etter å vore i drift sida 1923. Vår oppgåve er å vera ein god restaurant og møteplass på Tysnes, me skal gjera vårt for at Tysnes er ein god plass å bu og besøka.
Legg gjerne til bilde og tekst selv. Registrer deg og logg inn for mange muligheter med denne oppføringen 🙂