FASILITETAR
På den gamle Handelstaden Glesvær kan vi tilby trivelege, historiske lokaler til samankomstar for grupper frå 2 til 65 personar. Vi serverer laks, krabbe, blåskjell, fiskesuppe og ellers andre rettar du måtte ønskje. Her får du òg ulike typar kaffi, ferskt brød frå eige bakeri øl og vin og brennevin. 50 skritt frå kaféen finn du dei flotte rorbuene til Rutt og Arne. Kapasitet overnatting inntil 46 personar.
Ring for tilbod om pris og meny.
Utleie til grupper:
Restauranten kan leies eksklusivt av en gruppe. Det krever i så fall minimum 35 gjester.
Handelstaden Glesvær går tilbake til 1600 talet, og bygget me held til i blei ført opp i 1925.
Kafèen er innreda med originalinnredningen frå den gamle butikken frå rundt 1900. Nyt ein god kopp kaffe i trivelege og ærverdige lokale og sug inn atmosfæren frå gamle dagar mens du tar eit slag sjakk, back gammon eller ludo. Eller ta ein kikk på vår kunstutstilling.
Glesvær kafè er eit kulturminne i full verksemd. Glesnes Handelssted er et av de eldste handelsstedene på Vestlands-kysten. På 1700- og 1800-tallet var dette det største og viktigste fiskeværet på Sotra. Første gang handelsstedet er omtalt, er i 1664. Under sildefisket var Glesvær et samlingspunkt, og opp til 140 fartøy kunne ligge samlet her på en gang.
Holma-kaien er blitt eit ynda mål for folk som vil oppleva ein tur på kafé i ei anna verd og i ei anna tid. Alle som har drive verksemd på små fiskevær, veit at kreativet og mangfald er viktig: På Glesvær kafé finn du bakeri, butikk, kiosk, utstillingslokale og konsert-scene i ein og same kafé. Ei utruleg spesiell og annleis atmosfære rundt kaffi-koppen. Her har Sondre Lerche halde konsert. Her opplever du ”I storm og stille”, isbading og pysjamasløp; beinkald galskap kvart år, den første helga i januar. Lenger oppe på kaia foregår den årlege Periferifestivalen.
I kaféen får du rimelige smårettar, suppe, pizza, pasta og middag kvar dag. Her finn du ro til å nyte maten og livet i sjøhusa, båtane, ute på vågen og langs kaiene. Vil du ha ein heilt spesiell konferanse, firmatur, blåtur eller festleg lag kan vi stelle i stand mykje spanande på Glesvær kafé.
Bil – båt – buss
Glesvær Kafe/restaurant ligg på Glesvær, ved Glesnes sydvest på Sotra i Sund Kommune 8 min frå Telavåg 35 min frå Bergen Sentrum. Et spisested med lokalmat og historisk ramme.
Til oss kan du koma med bil, båt eller buss.
Posisjon; N60`12.225 E005`02.499
Følg riksvei 555 til Sotra, sving til venstre etter Koldtveit Tunellen. Rett fram heile veien vidare. Ta av når du kjem til skilt Telavåg og Glesvær. Kjør heilt til Handelstaden på kaien (gamle butikken på Glesvær.) Der er Glesvær Kafe. Turen tar omlag 40 minuttar med bil og 45 min med båt ca 25 knop. Me har gjestehavn med servicebygg med dusj og toalett, samt vannpåfylling. Du får også kjøpa diesel til båten din. Me har alminnelig skjenkerett for øl, vin og brennevin.
Legg gjerne til bilde og tekst selv. Registrer deg og logg inn for mange muligheter med denne oppføringen 🙂