Mo er ein gamal kyrkjestad. Det har stått to kyrkjer tidlegare på om lag same staden. Den første, ei lita stavkyrkje, vart sannsynlegvis bygd ein gong i tidsrommet 1150 – 1200. Det finns ikkje sikre skriftlege kjelder som kan stadfeste dette.

Mo kyrkje vert første gang nemnt i Bjørgynjar Kalfskinn i 1360. I 1593 vart den andre kyrkja bygd. Det var ei lita tjørebreid trekyrkje med tårn.

Denne kyrkja er i gamle skrifter karakterisert som “den skjønne bygning”. Ho hadde sitjeplass til 130 menneske og vart ståande i nesten 300 år. Heilt  fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1883.

Ho stod like ved den noverande. Og då den nye var ferdig vart den gamle riven og materialane vart auksjonert bort. Nokre stokkar frå gamlekyrkja er truleg brukte i ei løe på Nottveit. Det er teke vare på ein del inventar frå gamlekyrkja m.a:

  • Altertavla frå 1602 med Fadervår innskrive. I dei fire hjørna er det illustrasjonar av dei fire evangelistane, Johannes, Matteus, Markus og Lukas. Altertavla var ei gåve frå sokneprest Peder Broch og kona, Kristine Davidzdatter, i Hamre. Denne hendinga er skildra i boka Kyrkje og kristenliv. Altertavla skal vera den eldste i Nordhordland etter reformasjonen.
  • Alterkalk og disk i sølv frå 1650 åra. Dette er også gåver.
  • Dåpsfat i messing frå om lag 1600. Det er hamra ut frå eitt stykke.
  • Dåpskanne i tinn frå same tid.
  • Nokre gamle biblar og bøker. Dei eldste frå 1700- talet. Brochmanns Huspostile er frå 1760.
  • Ein messehagel frå 1860-åra.

Desse tinga står utstilt i kyrkja. På veggen bak i kyrkja er det nokre stolvangar frå gamlekyrkja. Desse har innskrift og det er førbokstavane til dei som eigde stolestadene som er innskrive. Kvar familie hadde sine eigne benker. På ein av stolvangane er årstalet 1638 innskore.

Den noverande kyrkje vart  bygd i 1883. Då ho sto ferdig  hadde den kosta kr 13 500,-.

        

Kyrkja har plass til 220 personar. Mo kyrkje er ein langskipskyrkje i tømmer i nygotisk stil.

Her kan du skrive en detaljert beskrivelse om din bedrift. Kopier gjerne informativ tekst fra hjemmesiden til foretaket.

Vurder oss og skriv en omtale

Din vurdering for denne oppføringen

angry
crying
sleeping
smily
cool
Bla gjennom

Det anbefales at vurderingen din inneholder minst 140 tegn

building Eier eller jobber du her? Krev nå! Krev nå!

Krev denne oppføringen

Du er enig og godtar vilkårene for å legge ut denne informasjonen?

Flere detaljer

  • Parkering: Gateparkering
  • Oppleve:Kirke

    juni, 2021

    14

    mandag

    LUKKET

    26 August, 2019

    • Torsdag
    • 09.00 - 10.00
    • List manager
    Bekreftelses blir sendt på e-post etter godkjenning.

    Fantastisk jobb!

    Vi har mottatt avtalen din og vil sende deg en bekreftelse til den oppgitte e-posten din etter godkjenning.